HåndballKalender

Grasrotandelen

Søkefelt

Søk hos Google:
Søk hos Kvasir:
Søk i leksikon:
Søk i 1881:

Ledet i 57 minutter

Av: | 28. November, 2007
Legg til Facebook Legg til Nettby Print Kommentarer (0)
I ren lykkerus kastet Terje Tvedten ballen langt opp på tribunen sekunder før slutt. Det resulterte i rødt kort, men Stord kunne likevel juble etter sin fantastiske sluttspurt som ga 27-28 seier over Kragerø.

Ingemar Olsson og Joar Hystad signerte Stord sine to første nettkjenningar i Kragerøhallen. Opningsminuttane stadfestar at dette er eit botnoppgjer. Begge laga slit særleg i angrepsfasen.
Heimelaget har støtte av rundt 250 på tribunen. Det er beste publikumsframmøtet i Kragerøhallen denne sesongen. Kragerø må ha poeng for å ha ein viss kontakt med dei andre laga på tabellen.
Utover i omgangen var det heimelaget som stod fram og tok føringa. 17. minuttar ut i kampen leia Kragerø 9-8 som seinare vart til 13-10 ved pause. Kragerø jobba godt i forsvar. Stord vert pakka inn. Sunnhordlendingane presterte altfor mange svake avslutningar og sleit med å få utteljing. Rune Skjærvold har vore flittigaste måljegeren for Stord i opningsomgangen.
Heimelaget har brukt pausen best. Kragerø augnar sjansen til å ta sine første poeng i årets toppserie. Stord er på etterskot og scora berre fire mål i løpet av dei ti første minuttane av sluttomgangen. Men så starta Stord ein sluttspurt som vil gje nervepirrande sluttminuttar. Sunnhordlendingane utlikna til 23-23 før Kragerø sneik seg til 24-23 seks minuttar før slutt. Joar Hystad skulle bli tunga på vektskåla for Stord. Etter at det stod 27-27, dundra unge Hystad inn 27-28-leiing til Stord. Den skulle visa seg å halda kampen ut. Stord jubla over viktige poeng som sat enormt lagt inne denne gongen. Mykje tyder på at toppserietoget er gått for Kragerø som heldt stå kurs mot neste sesongs første divisjon.



Tilbake