HåndballKalender

Grasrotandelen

Søkefelt

Søk hos Google:
Søk hos Kvasir:
Søk i leksikon:
Søk i 1881:

Mot lysare tider

Av: | 13. December, 2004
Legg til Facebook Legg til Nettby Print Kommentarer (0)
Her kan du lese om Stord - Kragerø i Haugesunds Avis.

HANDBALL: Tagesson har slitt mykje med skader denne hausten, men mot Kragerø var 24-åringen ”heilt konge” i 45 minuttar.
Han kunne og ha laga vill jubel 20 sekundar før slutt, men Kragerø-målvakten Brede Pedersen redda meisterleg, og det ebba ut med 21-21 og poengdeling.


Meir harmonisk?
– Det skal bli kult å bli far i januar. Barnet blir fødd her på Stord. Kanskje blir eg meir harmonisk og ein betre handballspelar av det, smiler den beskjedne svensken.
I lag med Stord har Calle hangla denne hausten. Ei vond hofte har skapa mykje bryderi. Svensken har berre gått for halvmaskin og følgt femti prosent av handballtreningane. Men mot Kragerø var bordet dekka med svenske godbitar frå hendene til Tagesson. Lure skot mellom beina på Kragerøspelarane, lekre innspel og lynraske gjennombrot såg ut til å laga svensk jubel i den siste heimekampen i 2004.
Men så var det brått slutt for Calle. Kragerø fann ut av luriet og stoppa ”svenskekongen» effektivt mot slutten.
– Det blei litt for mykje meg i periodar. Kragerø fann vel ut av meg til slutt etter å ha spela åtte ballar i mellom beina på dei. No skal det bli godt å kome heim til svensk jul og familie, seier ein stolt komande far, Calle Tagesson.
Kragerø, med veteranen Paul Gundersen i spissen, har aldri vunne mot Stord på Stord. I sitt femte forsøk var Gundersen berre centimetrar frå å slette den stygge statistikken. Gjestene hadde ballen dei tjue siste sekundane. Men bomma.
– Vi skal være nøgd med det eine poenget. Det kunne fort ha vippa begge vegar. Så dette var vel heilt rettferdig, gliser "stordvenen» Paul Gundersen. Karegrø-spelaren spela heile kampen i gul handballfestivaltrøya frå Stord.


Fakta
Stord 21 (11)
Kragerø 21 (11)
Eliteserien håndball, menn
Stord sportssenter
Utviklinga:
10. min.: 4-5
20. min.: 6-6
40. min.: 15-15
50. min.: 19-18
Mål Stord: Mattias Söder 4,Terje Tvedten 3, Didrik Launes 3,Calle Tagesson 8(2), Jonas Sjölin 1 og Olav Sande 2
Toppscorar Kragerø: Paul Gundersen 5 (3)
Utvisingar:Stord 3x2 min., Kragerø 3x2 min.
Dommarar: Tor Owe Musum og Åge Storhaug, usikre
Tilskodarar: 268

Etterskot
Stord måtte slite i 43 minuttar for å kome føre Kragerø for første gang. Då knallet Terje Tvedten inn 17-16. Kampen ut følgde laga kvarandre som skuggar. Stord sleit offensivt, men ein god Thomas Johansen med 21 redningar heldt Stord inne i kampen. To knallperler frå Mattias Söder tre minuttar før slutt gav von om ”Glade jul” til slutt. Men Kragerø gav seg aldri og krangla seg inn til 21-21. Dei siste 90 sekundane blei rein neglebiting, der det svinga mellom håp og fortvilling. For så og flata ut med poengdeling.
– Hadde vi skåra på den siste frå Calle så hadde det vore godkjent. Men hadde vi snakka om uavgjort før kampen så hadde eg ikkje vore nøgd, seier ein sveitt trener Thor-Gunnar Bakke.
– Det blei mykje på Calle og for lite av dei andre i denne kampen. Det er ikkje hans feil at vi berre får med oss eitt poeng. Men han kunne ha blitt matchvinnaren, seier Bakke.
Han merker lite til presset rundt han som handballtrenar i Stord.
– Eg tviheld ikkje på jobben om styret meiner det er best at eg går. Laget bør gå føre alt uansett, seier Bakke som framleis går trygt gjennom Borggata.
– He-he. Ja, eg går trygt, uansett siger eller tap, seier Stord-trenaren.



Tilbake